Vidareutdanning i ultralyd av muskelskjelettsystemet, Modul 2

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Kurset har som mål å utdanne helsepersonell til å bruke og forstå diagnostiske ultralyd i muskelskjelettsystemet. Kurset skal vidareutvikle kunnskap og ferdigheiter utvikla i Modul1 i ein klinisk kvardag. Etter gjennomført kurs skal studenten kunne framstille kvalitativt gode ultralydbilete som tolka saman med den kliniske undersøkinga utgjer ei fullstendig diagnostisk undersøking.

Innhald:

  • Bruk av anerkjente algoritmar for framstilling av ultralydbilete i over- og underekstremitetar.
  • Oppdage/ gjenkjenne patologi i over- og underekstremitetar på ultralydbilete.
  • Formulere gode journalrapportar fra bildeopptaka.
  • Mentorveileda ferdigheitsutvikling

Læringsutbyte

Etter gjennomført kurs kan studentane

Kunnskapar:

  • Vere kjent med, og kritisk kunne reflektere over, nyare vitskapeleg forsking og litteratur av ultralyd-diagnostikk i muskelskjelettapparatet.
  • Studenten vil utvikle gode anatomiske kunnskapar som er nødvendig for å påvise patologi i musklar, sener, ledd, nerver og bein i over- og underekstremitetar ved bruk av ultralyd.

Ferdigheiter:

  • Det er forventa at studenten kan framsette hypotesar og reflektere over vidare tiltak basert på ultralydfunn hos pasientar med lidingar i muskelskjelettapparatet.
  • Framstille ultralydbilete av høg kvalitet som er til hjelp i diagnostikk og den vidare behandlinga av pasientar.

Generell kompetanse:

  • Kunne reflektere over eigne ferdigheiter i forhold til det å kunne demonstrere patologi ved bruk av ultralyd.

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Andre semester: vår

Gjennomføring av kurset forutset 12 påmeldte

Krav til forkunnskapar
Opptak til denne modulen krever at første modul er bestått og at avtale er inngått med mentor.
Arbeids- og undervisningsformer

Modulen består av eitt seminar over 2 dagar ved Queen Mary University, Westfield Anatomy Department i London. I dette seminaret blir det demonstrert normalanatomi og ultralydanatomi på anatomiske preparat og kadaver. Dette gjev 14 timar undervisningstid. Kvar kursdeltakar må, før modulen startar, inngå kontrakt med en mentor som har ultralyderfaring innen muskelskjelett. Kursdeltakarane må sjølv finne, og inngå kontrakt med mentor. Universitet i Bergen skal godkjenne mentor. Det er ikkje eit krav at mentor arbeider på same arbeidsstad som studenten. Mentor har ansvar for veiledning i ein klinisk setting i modulperioden. Studenten må gjennomføre sjølvstudie av relevant og gjeven litteratur. Ei mappe som består av minimum 250 ultralydundersøkingar frå pasientar, dokumentert med biletopptak, og skriftleg rapport for kvar undersøking, skal gjennomførast på kursdeltakaren sin arbeidsplass. Mentor skal godkjenne biletopptaka og rapportane. Innlevering av heile mappa skal skje i slutten av andre semester. Læretid utgjer 286 timar.

Totalt utgjer dette 300 timer læreaktivitet.

Modulen gjev 15 studiepoeng (15 ECTS credits).

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Undervisninga er obligatorisk.
Vurderingsformer

Vurdering i denne modulen er mappeinnlevering av ultralydskanningar frå pasientar med rapport på funn, refleksjon over vidare behandling, og evt. behov for andre biletdiagnostikkundersøkingar. Det skal leverast minimum 250 mentorgodkjente ultralydundersøkelsar.

Modul 1 og 2 må vere bestått for å få godkjent "Etterutdanningskurs i muskelskjelett ultralyd"

Karakterskala
Bestått / Ikkje bestått