University of Groningen and Faculty of Law (ERASMUS+ - 3. og 5. studieår)
- CountryNetherlands
- TownGroningen
- Number of exchange places6
- Study levelBachelor og Master
- Exchange programmeErasmus+
- Exchange duration1 semester
Main content
Om lærestaden
About the institution and the city
Rijksuniversiteit Gröningen blei grunnlagt i 1614 og har i dag ni fakultet, 27 forskingssentre og om lag 27 800 studentar. Naturvitskapane har tradisjonelt vore viktige satsingsområde for universitetet, som har sterke forskingsmiljø blant anna innan berekraftig samfunnsutvikling, kjemi, økologi, materialvitskap og astronomi. Universitetet var òg det første i Nederland til å ta opp kvinnelege studentar.
Som provinshovudstad og sentrumsby for det nordlege Nederland har Gröningen eit rikt og variert kulturtilbod. Byen har rundt 190 000 innbyggarar. Over halvparten av desse er under 35 år. Sykkelen er desidert det mest populære framkomstmiddelet blant dei fastbuande.
Accommodation
Universitetet samarbeider med andre utdanningsinstitusjonar i regionen om ei eiga bustadformidlingsteneste for internasjonale studentar. Kapasiteten er god, og det finst både enkeltrom og dobbeltrom på studentheimar ulike stader i byen. Ein kan òg få hjelp til å finne bustad privat.
MERK: I Nederland har det vore store utfordringar knytta til bustad for utvekslingsstudentar dei siste åra. Universiteta i dei fleste byane melder om stort press på bustadmarknaden, og det er vanskelegare å få bustad gjennom universiteta.
Semester duration
Det akademiske året er delt i fire kvartal, mellom september - oktober, november - januar, februar - april og april - juni.
Information
- Homepagehttp://www.rug.nl
- How do I applyInstructions on Søknadsweb
- Submit your application hereSøknadsweb
- Kode i Søknadsweb8007
- Subject nameLaw