Radboud University and Faculty of Psychology (ERASMUS+)
- CountryNetherlands
- TownNijmegen
- Number of exchange places6
- Study levelBachelor, Master og PhD
- Exchange programmeErasmus+
- Exchange duration1 semester
Main content
Om lærestaden
About the institution and the city
Radboud Universiteit Nijmegen er kalla opp etter ein biskop, og blei grunnlagt i 1923 som Katholieke Universiteit Nijmegen fordi det romersk katolske miljøet ville styrke sin posisjon i samfunnet. I dag er den religiøse profilen mindre framståande. Universitetet har sju fakultet, 1600 tilsette og 19 000 studentar. Sentrale forskingsområde er blant anna medisinske fag, astrofysikk og lingvistikk. Universitetet har rykte på seg for å ha eit usedvanleg tiltalande og grønt campusområde. Dette ligg i bydelen Heyendaal og har gode transportsamband til sentrum.
Nijmegen har om lag 150 000 innbyggarar og ligg ikkje så langt frå Tyskland, i den sydvestlege delen av Nederland. Byen har røter attende til Romartida og er ein av landets eldste.
Accommodation
Universitetet sitt internasjonale kontor tilbyr utvekslingsstudentar hjelp med å finne bustad så langt kapasiteten rekk. Ein kan søke om bustad samtidig som ein søker om opptak til utvekslingsopphaldet. Det kan vere vanskeleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden i Nijmegen rundt semesterstart.
MERK: I Nederland har det vore store utfordringar knytta til bustad for utvekslingsstudentar dei siste åra. Universiteta i dei fleste byane melder om stort press på bustadmarknaden, og det er vanskelegare å få bustad gjennom universiteta.
Semester duration
September - januar og februar - juli.
Information
- Homepagehttps://www.ru.nl/
- How do I applyInstructions on Søknadsweb
- Submit your application hereSøknadsweb
- Kode i Søknadsweb7151
- Subject namePsychology