Om lærestaden
About the institution and the city
Academy of Music i Kraków vart grunnlagt i 1888, og er ein av dei mest prestisjefylte utdanningsinstitusjonane innan kunstnariske fag i Polen. I over 120 år har dei utdanna musikarar med ei stor fagleg breidde innan musikalsk kunst og kultur. Ved akademiet er det fleire institutt og einingar fordelt under tre fakultet: Fakultet for musikalsk komposisjon, tolking og undervising, Fakultet for tale og drama og eit instrumentalt fakultet. Det finst også eit institutt for kyrkjemusikk. Akademiet har om lag 700 studentar og arrangerar jamleg fleire kunstneriske arrangement, som seminar og konsertar.
Kraków er ein av dei eldste byane i Polen. Med om lag 750 000 innbyggarar er dette den nest største byen i landet. Kraków har tradisjonelt vore eit av dei leiande sentera i polsk akademisk, økonomisk, kunstnerisk og kulturelt liv. Byen vert rekna som ein av dei vakraste byane i Europa og står som følge av dette på UNESCO si verdsarvliste.
Accommodation
Studentar leiger stort sett privat bustad.
Semester duration
oktober - januar
februar - juni