Utrecht University and Department of Earth Science (ERASMUS+)
- CountryNetherlands
- TownUtrecht
- Number of exchange places4
- Study levelBachelor og Master
- Exchange programmeErasmus+
- Exchange duration1 semester
Main content
Om lærestaden
About the institution and the city
Universitetet i Utrecht blei grunnlagt i 1636 og er eit klassisk europeisk breiddeuniversitet med godt akademisk omdøme og heile 12 nobelprisvinnarar på rullebladet. Universitetet har litt over 30 000 studentar, fordelte på sju fakultet. Ved sida av meir tradisjonelle disiplinar har universitetet eit sterkt miljø for idrettsvitskap og sport, og arrangerer fleire sykkelritt kvart år. Universitetet er spreidd over tre campusar. Dei to mindre campusane Binnenstad og University College ligg i Utrecht sentrum, medan den største heiter De Uithof, og ligg litt lengre mot aust.
Utrecht har rundt 300 000 innbyggarar og ligg midt i Nederland. Byen har mykje middelalderarkitektur og er blant anna kjend for Domtårnet, som ruvar 112 meter opp i lufta og er godt synleg i byområdet. Byen er òg kjend for å ha eit omfattande kulturtilbod, blant anna innan teater og klassisk musikk.
Accommodation
Universitetet samarbeider med ein lokal bustadformidlingsorganisasjon om losji for utvekslingsstudentar. Du kan søke om bustad så snart du har fått opptak som student.
MERK: I Nederland har det vore store utfordringar knytta til bustad for utvekslingsstudentar dei siste åra. Universiteta i dei fleste byane melder om stort press på bustadmarknaden, og det er vanskelegare å få bustad gjennom universiteta.
Semester duration
September - desember og januar - juli.
Information
- Homepagehttp://www.uu.nl/
- How do I applyInstructions on Søknadsweb
- Submit your application hereSøknadsweb
- Kode i Søknadsweb7154
- Subject nameEarth Science