Om lærestaden
About the institution and the city
Jutland Academy of Fine Arts (Det Jyske Kunstakademi) ligg i Mejlgade i den danske byen Århus og har eksistert sidan 1959. Denne sjølvstendige institusjonen tilbyr ein statleg anerkjend, 5-årig høgare utdanning med fokus på dagens internasjonale samtidskunst. Aktivitetane her er retta mot skaping av eit kunstnarisk, utviklande og intellektuelt studiefellesskap. Utdanninga er basert på studentane sin individuelle praksis, der dei legg vekt på den kunstnariske prosessen for styrking av metode og refleksjon.
Århus ligg midt på Jyllands austkyst og er Danmarks nest største by med 325 000 innbyggarar. Byen er ein utprega studentby med rikt kulturliv, mange uteplassar, kaféar og scener. Namnet kjem av ei gamal genitivform av «å», og det ikkje lengre brukte ordet «os» som samanstilt tyder «elveutløp». Den same forma finst også i fleire andre bynamn, som Nidaros og Västeros.
Accommodation
Det Jyske Kunstakademi har ingen eigne studentbustadar, men internasjonalt kontor ved lærestaden kan gje råd og rettleiing.
Semester duration
september - januar
februar - juni