Home
Student Pages
erasmus+

University of Tours and Department of Philosophy (ERASMUS+)

  • CountryFrance
  • TownTours
  • Number of exchange places4
  • Study levelBachelor og Master
  • Exchange programmeErasmus+
  • Exchange duration1-2 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

Université de Tours blei grunnlagt i 1969 og har over 31 000 studentar fordelt på sju fakultet, to teknologi-institutt, og ein ingeniørskule. Universitetets campus er noko spreidd over ulike stadar i byen, men dei fleste fakulteta ligg sentralt og nært gamlebyen.

Tours er den største byen i regionen Centre-Val de Loire, med om lag 140 000 innbyggarar. Den har eit maritimt klima med varme somrar og milde vintrar. Byen ligg ved elva Loire og om lag 100 km sør-vest for Paris. Med høghastighetstog tek det 55 minutt å ta seg til Paris. Tours har røter tilbake til Romerriket, men også sterk identitet frå middelalderen og renessansen. Byen husar eit av dei største romerske teatra kalt «Tours Amphitheatre», og den gotiske Tours-katedralen. Byen og regionen er kjent for både ost, vin, og nougat. Byen er også endestoppet for sykkelrittet Paris-Tours.

Information