Home
Student Pages
erasmus+

Koç University and Faculty of Law (ERASMUS+ - 3. (og 5.) studieår)

  • CountryTurkey
  • TownIstinye/Istanbul
  • Number of exchange places6
  • Study levelBachelor og Master
  • Exchange programmeErasmus+
  • Exchange duration1 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

Koç University blei grunnlagt i Istanbul i 1993 som eit "non-profit" universitet. Sjølv om det er eit relativt ungt universitet har det blitt eit av dei leiiande universiteta i Tyrkia. Dei om lag 8000 studentane er fordelte på 7 fakultet (schools and colleges). Universitetet ligg på Sanyer-høgda med fleire praktiske transportalternativ inn til sentrum av Istanbul.

Istanbul er den femte største byen i verda, med nær 14,5 millionar innbyggarar. Denne byen, som lenge også var kjend som Konstantinopel, har spela ei særs viktig historisk rolle. Blant anna har han vore hovudsete for fire store imperium: Romarriket, Austromarriket, Det latinske riket og Det osmanske riket. Byen ligg nordvest i Tyrkia, på begge sider av Bosporos, som skil Europa og Asia.

Accommodation

Utvekslingsstudentar er garantert studentbustad på campus så lenge ein søkjer innan fristen. Bur ein på campus deler ein rom med to andre studentar. Ein kan og velje å bu utanfor campus, men i så fall må ein finne bustad på eiga hand på den private marknaden.

Semester duration

Frå tidleg i september til midten av januar og frå tildleg i februar til tidleg i juni.

Bygg på campus
Photo:
© Koç University Archives

Information