University of Bielefeld and Department of Foreign Languages (ERASMUS+)
- CountryGermany
- TownBielefeld
- Number of exchange places1
- Study levelBachelor
- Exchange programmeErasmus+
- Exchange duration1-2 semester
Main content
Om lærestaden
About the institution and the city
Universität Bielefeld blei grunnlagt i 1969 som eit sjølverklært reformuniversitet, med fokus på tverrfagleg og forskingsbasert undervisning. Den fysiske arkitekturen for universitetet støttar opp ideologien om samhandling på tvers av fagområda. Alle dei tretten fakulteta er samla under same tak, i eitt stort bygningskompleks som ligg litt vest for byen, ved Teutoburgerskogen.
Bielefeld har rundt 340 000 innbyggarar og ligg i Nordrhein-Westfalen mellom to åsryggar. Bielefeld var blant dei minste hansabyane, kjend som «Linbyen» grunna handel med stoffet lin. Han er òg kjend i Tyskland og USA for internettfenomenet Bielefeld-konspirasjonen, som er ein godlynt krangel om kor vidt byen eksisterer.
Accommodation
Universitetet har eit internasjonalt kontor som hjelper nye utvekslingsstudentar med å finne bustad. Det finst studentbustader både i nærleiken av campus og nærare sentrum. Dei fleste er drifta av samskipnaden Studentenwerk.
Semester duration
Oktober - mars og april - august.
Information
- Homepagehttp://www.uni-bielefeld.de/
- How do I applyInstructions on Søknadsweb
- Submit your application hereSøknadsweb
- Kode i Søknadsweb7866
- Subject nameLanguages