Home
Student Pages
erasmus+

University of Vienna and Department of Comparative Politics (ERASMUS+)

  • CountryAustria
  • TownWien
  • Number of exchange places2
  • Study levelBachelor og Master
  • Exchange programmeErasmus+

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

Universität Wien blei etablert i 1365 og er det største universitetet i Austerrike, med rundt 92 000 studentar fordelte på 15 fakultet og fire universitetssentre. Universitetet har hatt seks nobelprisvinnarar og satsar på tverrfagleg forsking. Det har seks campusar, som alle ligg i, eller like i nærleiken av Wien.

Wien er hovudstad i Austerrike og har om lag 1,7 millionar innbyggarar. Byen er kjend for musikarane og komponistane sine, i tillegg til meir kulinariske kulturprodukt, som Wienerschnitzel, Sachertorte og Apfelstrudel. Eit anna nemneverdig fenomen er kaffihustradisjonen. Det første kaffihuset kom allereie i 1685, og Wiener Kaffeehaus blir stadig rekna som ein viktig del av byens identitet og kultur.

Accommodation

Universitetet har ingen eigne studentbustader. Det oppmodar utvekslingsstudentar om å ta kontakt med den lokale studentsamskipnaden eller med Austrian Exchange Service (OeAD) som organiserer utleige av studentbustader i Wien. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad privat om ein er ute i god tid.

Semester duration

Oktober - januar og mars - juni.

Studentar inne
Photo:
© Universität Wien

Information