Om lærestaden
About the institution and the city
Universität Basel blei grunnlagt i 1460 og er det eldste i Sveits. Det er eit relativt lite breiddeuniversitet med knapt 13 500 studentar totalt. Universitetet har ein klar internasjonal profil og meir enn ein femtedel av studentane kjem frå andre land enn Sveits.
Basel er den tredje største byen i Sveits, med 170 000 innbyggarar. Han ligg ved nordvest i landet, ved grensene til Tyskland og Frankrike og ved elva Rhinen. Sambandet med havet via Rhinen har hatt mykje å seie for byen, som trass plasseringa er ein viktig sjøfartsby. Med kort avstand både til dei sveitsiske Alpane, den tyske Svartskogen og dei franske Vogesane er dette ein god stad å bu for den som er glad i å opphalde seg utandørs.
Accommodation
Universitetet har ingen eigne studentbustader, men det finst fleire private studentheimar i byen. Universitetet sitt internasjonale kontor hjelper utvekslingsstudentar med å finne bustad. Det er dessutan gode sjansar for å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden i Basel.
Semester duration
August/September - januar og februar - juli.