Sorbonne University and Department of Earth Science (ERASMUS+)
- CountryFrance
- TownParis
- Number of exchange places3
- Study levelBachelor og Master
- Exchange programmeErasmus+
- Exchange duration1-2 semester
Main content
Om lærestaden
About the institution and the city
Université Pierre et Marie Curie (UPMC) er eit offentleg universitet i med 33 000 studentar fordelte på heile 18 campusar i fire forskjellige byar. Universitetet fokuserer primært på medisinske og naturvitskaplege utdanningar, og har band til fleire universitetssjukehus, helseføretak og laboratorium i regionen. Den klart største delen av universitetet ligg i Paris, nærare bestemt på Jussieu-campusen i Latinkvarteret.
Paris er Frankrikes hovudstad og største by, med om lag 12 millionar innbyggarar i storbyregionen. Han ligg nord i landet, i hjartet av regionen Île-de-France. Paris er kjend for å vere ein av Europas fremste kulturbyar. Her finst statsadministrasjon, verdas mektigaste motehus og ikoniske byggverk som Eiffeltårnet, side om side med små romantiske kaféar og folkeliv.
Accommodation
Det kan vere vanskeleg å finne rimeleg prisa bustad i Paris. Universitetet sitt internasjonale kontor kan gi hjelp og informasjon, men understrekar at det er viktig å begynne leitinga i god tid. Dei fleste offentlege studentbustadane i Paris er administrerte av studentsamskipnaden CROUS. Norske studentar i Frankrike kan søke om økonomisk stønad frå Caisse d'allocations familiales (CAF).
Semester duration
September - januar og februar - juni.
Information
- Homepagehttps://www.sorbonne-universite.fr/
- How do I applyInstructions on Søknadsweb
- Submit your application hereSøknadsweb
- Kode i Søknadsweb7223
- Subject nameGeology