Paris University Nanterre and Department of Economics (ERASMUS+)
- CountryFrance
- TownNanterre
- Number of exchange places1
- Study levelBachelor
- Exchange programmeErasmus+
- Exchange duration1 semester
Main content
Om lærestaden
About the institution and the city
Université Paris Ouest Nanterre La Défense er eitt av i alt tretten universitet som blei etablerte ved splittinga av det gamle prestisjeuniversitetet Sorbonne etter studentopprøret på slutten av 60-talet, der studentane frå Nanterre spela ei sentral rolle. Universitetet blir oftast kalla Paris X eller UPX i kortform. Det har om lag 32 000 studentar, og eit breitt fagtilbod. Universitetsbygningane er samla på ein campus, 11 kilometer vest for Paris.
Paris er Frankrikes hovudstad og største by, med om lag 12 millionar innbyggarar i storbyregionen. Han ligg nord i landet, i hjartet av regionen Île-de-France. Paris er kjend for å vere ein av Europas fremste kulturbyar. Her finst statsadministrasjon, verdas mektigaste motehus og ikoniske byggverk som Eiffeltårnet, side om side med små romantiske kaféar og folkeliv.
Accommodation
Det kan vere vanskeleg å finne rimeleg prisa bustad i Paris. Dei fleste offentlege studentbustadane i Paris er administrerte av den regionale studentsamskipnaden CROUS, men kapasiteten er knapp. UPX har òg eit avgrensa tal eigne studentbustader i Nanterre. Norske studentar i Frankrike kan søke om økonomisk stønad frå Caisse d'allocations familiales (CAF).
Semester duration
Oktober - januar og februar - mai/juni.
Information
- Homepagehttps://www.parisnanterre.fr/
- How do I applyInstructions on Søknadsweb
- Submit your application hereSøknadsweb
- Kode i Søknadsweb7525
- Subject nameEconomics