Paris University 13 and Department of Information Science and Media Studies (ERASMUS+)
- CountryFrance
- TownVilletaneuse
- Number of exchange places1
- Study levelBachelor
- Exchange programmeErasmus+
- Exchange duration1 semester
Main content
Om lærestaden
About the institution and the city
Université Paris 13 er ein av i alt tretten arvtakarar til det gamle prestisjeuniversitetet Sorbonne, som blei delt i 1970. Det har rundt 23 000 studentar og eit breitt fagtilbod. Forskingsprofilen er sterkast innan tekniske og naturvitskaplege fagområde. Universitetsbygningane er fordelte på i alt fem campusar, som alle ligg litt nord for Paris sentrum.
Paris er Frankrikes hovudstad og største by, med om lag 12 millionar innbyggarar i storbyregionen. Han ligg nord i landet, i hjartet av regionen Île-de-France. Paris er kjend for å vere ein av Europas fremste kulturbyar. Her finst statsadministrasjon, verdas mektigaste motehus og ikoniske byggverk som Eiffeltårnet, side om side med små romantiske kaféar og folkeliv.
Accommodation
Det kan vere vanskeleg å finne rimeleg prisa bustad i Paris. Universitetet sitt internasjonale kontor kan gi hjelp og informasjon, men understrekar at det er viktig å ta til på bustadjakta i god tid. Dei fleste offentlege studentbustadane i Paris er administrerte av den regionale studentsamskipnaden CROUS, men kapasiteten er knapp.
Semester duration
September - januar og februar - mai/juni.
Information
- Homepagehttps://www.univ-paris13.fr/
- How do I applyInstructions on Søknadsweb
- Submit your application hereSøknadsweb
- Kode i Søknadsweb7529
- Subject nameKommunikasjon og informasjonsvitenskap