University of Bologna and Department of Information Science and Media Studies (ERASMUS+)
- CountryItaly
- TownBologna
- Number of exchange places2
- Study levelBachelor og Master
- Exchange programmeErasmus+
- Exchange duration1 semester
Main content
Om lærestaden
About the institution and the city
Università di Bologna vart grunnlagt i 1088 og er det eldste universitetet som har vore i kontinuerleg drift i den vestlege verda. Universitetet er kjend for å ha undervist i romarrett og kanonisk rett, og har band til kjende personar som Dante Alighieri, Erasmus av Rotterdam, Nicolaus Copernicus, og Umberto Eco. Verdas første kvinnelege universitetsprofessor, Laura Bassi, var tilsett her på 1700-talet. I dag har universitetet 85 000 studentar, og avdelingar i byane Cesena, Forlì, Ravenna, Rimini og Buenos Aires. Det jobbar saman med fylket om eit prosjekt kalla Bologna Smart City, som skal gjere Bologna til ein meir bærekraftig by, både når det kjem til miljø, sosiale tilhøve og kultur.
Bologna ligg nordaust i Italia, og har om lag ein million innbyggarar. Det er regionshovudstad i Emilia-Romagna og ligg ved foten av Appenninene i innlandet. Bologna har mange tilnamn. Blant desse er den lærde ("La dotta") som refererer til universitetet, og den feite ("La grassa"), som refererer til matkulturen.
Accommodation
Universitetet er medeigar i eit bustad- og informasjonskontor for internasjonale studentar i Bologna. Kontoret administerar ein søkbar database over ledige rom enten på studentheimar eller den private marknaden og kan elles hjelpe med informasjon om for eksempel levekostnadar og kontraktstandardar.
Semester duration
September - januar og februar - juni.
Information
- Homepagehttps://www.unibo.it/it
- How do I applyInstructions on Søknadsweb
- Submit your application hereSøknadsweb
- Kode i Søknadsweb7253
- Subject nameInformatics