Home
Student Pages
bilateral

The American University, Washington D.C. and Faculty of Law (BILATERAL - 5. studieår)

  • CountryUSA
  • TownWashington
  • Number of exchange places8
  • Study levelMaster
  • Exchange programmeBilateral
  • Exchange duration1 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

American University of Washington (AU) blei grunnlagt i 1893, og har i dag 5 000 lågaregradsstudentar og like mange studentar på høgare grad. Universitetet administrerer The Washington Semester Program, som er det aktuelle tilbodet til UiB-studentar. Dette programmet blei grunnlagt i 1947, og har sidan då trekt til seg amerikanske studentar som ville dra på ¿utveksling¿ til eigen hovudstad. I dag rekrutterer Washington Semester Program både amerikanske og internasjonale studentar. Om lag 400 studentar deltek kvart semester på Washington Semester Program. American University i Washington har to campusar i øvre, nordvestlege Washington, DC; Main campus og Tenley campus. Washington Semester held til på sistnemnde. Campusane ligg i gåavstand frå kvarandre. Den næraste metrostasjonen ligg berre eit kvartal unna campus. Dette er ein metro som vert rekna for å vere både rein og trygg. Med metroen tek det berre få minutt å komme seg til sentrum. Som semesterstudent ved American University har du tilgang til universitetet sitt bibliotek og mediesenter, pc-stover, treningssenter og symjebasseng.

Washington D.C. er USAs monumentale hovudstad. Byen er i dag ein spanande, men trygg storby, med eit rikt kulturtilbod. I sentrum av byen finn ein Kongressen, Det kvite hus, ei lang rekke monument og offentlege administrasjonsbygg. Utanfor bykjerna kan ein finne trivelege bydelar, som Georgetown. Nord-vest for bysentrum ligg eit flott bustadområde og ambassadestrøket. I dette nabolaget ligg American University.

Accommodation

Universitetet tilbyr ikkje bustad på campus for studentar ved Det juridiske fakultet som skal utveksle gjennom fakultetsavtalen med Washington School of Law. Studentar finn vanlegvis bustad på den private marknaden i nærleiken av campus, og universitetet gjev noko rettleiing om korleis ein kan finna bustad.

Semester duration

Vårsemesteret varer frå midten av januar til byrjinga av mai, medan haustsemesteret varer frå slutten av august til midten av desember.

Bilde av bygning
Photo:
© Washington College of Law

Information