Om lærestaden
About the institution and the city
University of Zagreb har meir enn 70 000 studentar, og er eit av dei største og eldste universiteta i det søraustlege Europa. Det blei grunnlagt Leopold I av Det tysk-romerske riket i 1669. Den gongen heitte det Jesuit Academy of the Royal Free City of Zagreb, men institusjonen skifta namn etter at paven forbaud jesuittordenen i år 1773. Universitetet har i dag 29 fakultet og heile tre kunstakademi.
Zagreb blei grunnlagd på 1000-talet, og har vore Kroatia sin hovudstad sidan Jugoslavia vart oppløyst i 1991. Byen ligg nordvest i landet, ved elva Sava. Zagreb er kjend for gamlebyen sin,«Gornij Grad». Frå Lotrscaktårnet i gamlebyen, har det blitt avfyrt ein kanonsalutt kvar dag presis klokka 12 sidan 1. januar 1877. Dette var opphaveleg eit signal til klokkarane i byen om at det var på tide å ringe inn til messe.
Accommodation
Det finst studentbustader fleire stader i byen, og internasjonale studentar kan søke om tildeling av bustad samtidig som dei søker om opptak til utveksling. Det er viktig å søke innan fristen. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private leigemarkanden i Zagreb. Det finst lenkjer til gode databasar over ledige leigemål på universitetet sine heimesider.
Semester duration
Oktober - februar og mars - juli.