Home
Student Pages
erasmus+

University College Dublin - National University of Ireland, Dublin and Department of Comparative Politics (ERASMUS+)

  • CountryIreland
  • TownDublin
  • Number of exchange places2
  • Study levelBachelor
  • Exchange programmeErasmus+
  • Exchange duration1-2 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

University College Dublin (UCD) er Irlands største og mest mangfoldige universitet. Det tilbyr disiplinar fordelt på sju fakultet - College of Agriculture, Food Science & Veterinary Medicine, College of Arts & Celtic Studies, College of Business & Law, College of Engineering & Architecture, College of Health Sciences, College of Human Sciences, College of Science. UCD har røter tilbake til 1854, då Catholic University of Ireland blei grunnlagt, og er i dag eit moderne universitet med over 22 000 studentar. Campus er stort og frodig og ligg om lag 5 kilometer sør for bysentrum.

Dublin er Irlands hovudstad og har om lag 1 million innbyggarar, dersom ein reknar med områda utanfor bykjernen. Byen ligg på austkysten av Irland og vart sete for eit norsk kongedøme kring år 840, etter at norske vikingar inntok området og laga ein festning der.

Accommodation

Erasmus-studentar kan søke om bustad på campus, men kapasiteten er dårleg, så det kan vera svært vanskeleg å få. Internasjonalt kontor ved UCD kan hjelpe til med å finne bustad utanfor campus.

MERK: I Irland har det vore store utfordringar knytt til bustad for utvekslingsstudentar dei siste åra. Universiteta i dei fleste byane melder om stort press på bustadsmarknaden, og det er vanskelegare å få bustad gjennom universiteta.

Semester duration

September til desember og januar til mai.

Information