Om lærestaden
About the institution and the city
Universidad de Málaga er eit relativt ungt offentleg breiddeuniversitet med i alt 24 fakultet og rundt 40 000 studentar. Universitetet blir omtala som eitt av hjørna i byen sitt «produktive triangel», der dei andre to er flyplassen og Andalucías forskings- og teknologipark (PTA). Universitetet har to campusar. Teatinos ligg litt i utkanten og er den desidert største. El Ejido rommar dei eldre universitetsbygningane og ligg midt i sentrum.
Malaga har om lag 600 000 innbyggarar og ligg på Costa del Sol, i den autonome regionen Andalucía, sør i Spania. Byen vart grunnlagd av fønikarar frå Tyre rundt år 800 fvt. og namnet Malaga kjem truleg frå det fønikiske ordet for «salt», sidan ein tidlegare brukte å salte fisk nær hamna. Viktige næringar i dag er turisme, teknologiutvikling og jordbruk.
Accommodation
Internasjonale studentar kan søke om hjelp med å finne bustad frå universitetet sitt bustadkontor på lik linje med spanske studentar. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden om ein er ute i god tid.
Semester duration
September - februar og februar - juli.