Om lærestaden
About the institution and the city
Ernst-Moritz-Arndt-Universität Greifswald, som vanlegvis blir kalla EMAU Greifswald, blei grunnlagt i 1456 og er eit av dei eldste universiteta i Nord-Europa. Det har om lag 13 000 studentar og fem fakultet. Universitetet satsar på tverrfagleg forsking, og samarbeider mykje med andre forskingsinstitusjonar i regionen.
Greifswald er ein kystby med rundt 60 000 innbyggarar, som ligg nordaust i den tyske delstaten Mecklenburg-Vorpommern. I perioden 1648-1815 var byen svensk, og her finst stadig eit sterkt samband med Skandinavia og skandinavisk kultur.
Accommodation
Studentbustadane i Greifswald er drifta av den lokale studentsamskipnaden. Internasjonale studentar søker på linje med tyske studentar. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden i Greifswald.
Semester duration
Oktober - mars og april - august.