Om lærestaden
About the institution and the city
Ludwig Maximilians Universität-München er eit offentleg breiddeuniversitet med om lag 50 000 studentar og 18 fakultet. Det har lang historie, og er eit av Tysklands elleve eliteuniversitet. Universitetet sin hovudcampus ligg midt i sentrumskjernen, og dei tre andre campusane spreidd rundt i byen.
München er hovudstad i delstaten Bayern og er ein relativt stor tysk by, med rundt 1,4 millionar innbyggarar. Det er ein by med relativt høg levestandard og høgt kostnadsnivå. Midt i byen ligg den store parken Englisher Garten. München er kjend for blant anna suksessrike teknologiføretak, Oktoberfest, godt øl og velspelt fotball.
Accommodation
Universitetet sitt internasjonale kontor hjelper internasjonale studentar å finne bustad. Dei fleste studentbustadane i Munchen er drifta av studentsamskipnaden og ligg litt utanfor sentrum. Det kan vere vanskeleg å finne rimeleg prisa bustad på den private leigemarknaden i Munchen.
Semester duration
Oktober - mars og april - juli.