University of Potsdam and Department of Foreign Languages (ERASMUS+)
- CountryGermany
- TownPotsdam
- Number of exchange places4
- Study levelBachelor
- Exchange programmeErasmus+
- Exchange duration1 semester
Main content
Om lærestaden
About the institution and the city
Universität Potsdam blei grunnlagt så seint som i 1991, på grunnlag av ei samanslåing mellom to statlege høgskular i Brandenburg. Det er no det største universitetet i delstaten, med om lag 22 000 studentar, fordelte på fem fakultet og tre campusar. Den eine campusen ligg i palasset Sanssouci, som er eitt av universitetet sine mange praktbygg.
Potsdam har rundt 140 000 innbyggarar og ligg i delstaten Brandenburg, på grensa til den sørvestlege delen av Berlin. Byen har historisk bakgrunn som residens for adel og kongelege, men har elles aldri vore noko maktsentrum. Rundt byen fins eit fleirtal små innsjøar og naturlege landemerke. Byen er prega av universitetet og aktivitetar knytt til ei rekke uavhengige forskingssentre.
Accommodation
Universitetet har eit velkomstkontor som hjelper internasjonale studentar i leitinga etter bustad. Dei fleste studentbustadane i Potsdam er drifta av den lokale studentsamskipnaden. Mange vel òg å pendle mellom Potsdam og Berlin. Togturen tek litt over ein halv time.
Semester duration
Oktober - mars og april - august.
Information
- Homepagehttp://www.uni-potsdam.de/
- How do I applyInstructions on Søknadsweb
- Submit your application hereSøknadsweb
- Kode i Søknadsweb7363
- Subject nameLanguages