Home
Student Pages
bilateral

Ritsumeikan University and University of Bergen (BILATERAL)

  • CountryJapan
  • TownKyoto-shi
  • Exchange programmeBilateral
  • Exchange duration1-2 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

Ritsumeikan University er eit av dei leiande privatuniversiteta i Kansai-området. Universitetet ligg i Kyoto og har meir enn 40 000 studentar. Universitetet si historie går tilbake til 1869, men det var først i 1913 at skulen formelt fekk namnet Ritsumeikan. Det har to universitetsområde. Hovudcampusen ligg i Kinugasa, i nærleiken av Kinkakuji, og den andre campusen ligg i Shiga, nabofylket til Kyoto.

Kyoto er kjent som ein historisk hovudstad, med sine mange kulturattraksjonar og verdsarvskattar. Det er den sjette største byen i Japan, med om lag 1,5 millionar innbyggarar. Gatebiletet kan få ein til å kjenne at ein er reist tilbake i tid, men likevel er byen eit viktig sentrum for ny teknologi og forsking.

Accommodation

Utvekslingsstudentar får tilbod om studentbustad gjennom universitetet.

Semester duration

Semestera følger det japanske studieåret. Studieåret startar i april, og vårsemesteret går frå april til august, medan haustsemesteret går frå september til februar.

Folk på campus
Photo:
© Ritsumeikan University

Information