Home
Student Pages
erasmus+

University of Maribor and Department of Information Science and Media Studies (ERASMUS+)

  • CountrySlovenia
  • TownMaribor
  • Number of exchange places2
  • Study levelBachelor, Master og PhD
  • Exchange programmeErasmus+
  • Exchange duration1 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

University of Maribor er det nest største universitetet i Slovenia, med rundt 27 000 studentar fordelte på 17 fakultet, i tillegg til eit eige datasenter og eit sportssenter. I tillegg til fleire campusar i Maribor, har universitetet òg avdelingar utanbys, i Ljubljana, Kranji, Krsko, Celje og Brezice.

Maribor er den nest største byen i Slovenia, med om lag 100 000 innbyggarar. Han ligg nord i landet, ved foten til Alpane og ved elva Drava. Byen er kjend blant anna for skisport, og ein stor del av innbyggarane har austerriksk avstamming. Ein av byen sine meir kuriøse attraksjonar er den 440 år gamle Zametovka, verdas eldste stadig produktive vinranke.

Accommodation

Det finst fleire studentbustader i Maribor og dei fleste ligg i sentrum eller nære universitetet. Kapasiteten kan vere knapp, men Erasmus-studentar har prioritet som søkarar. Søknaden kan sendast så snart ein har fått opptak.

Semester duration

September - februar og februar - juli.

Campus fra luften
Photo:
© University of Maribor

Information