Om lærestaden
About the institution and the city
Université de Savoie er eit fransk universitet med rundt 13 000 studentar. Det ligg søraust i Frankrike, ikkje langt frå grensene mot Sveits og Italia, og vektlegg samarbeid i det alpine området. Universitetet blei grunnlagt i 1979 som ei samanslåing mellom fleire høgskular i området. Det har i alt åtte skular og fakultet, og eit breitt fagleg tilbod. Alle dei tre campusane ligg i nærleiken av byen Chambéry.
Chambéry er ein by med rundt 100 000 innbyggarar, som ligg i regionen Rhône-Alpes, søraust i Frankrike. Byen var lenge base for hertugslekta Savoie, derav namnet på universitet. Chambéry er omgitt av vakker natur og fjell.
Accommodation
Universitetet samarbeider med den studentsamskipnaden CROUS, og har studentbustader ved alle dei tre campusane. Kapasiteten er knapp, derfor kan dei ikkje garantere at alle får plass. Norske studentar i Frankrike kan søke om økonomisk stønad frå Caisse d'allocations familiales (CAF).
Semester duration
September - januar og februar - mai/juni.