Home
Student Pages
bilateral

Radboud University and Faculty of Law (BILATERAL - 5. studieår - LLM)

  • CountryNetherlands
  • TownNijmegen
  • Number of exchange places6
  • Study levelMaster
  • Exchange programmeBilateral
  • Exchange duration2 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

Radboud Universiteit Nijmegen er kalla opp etter ein biskop, og blei grunnlagt i 1923 som Katholieke Universiteit Nijmegen fordi det romersk katolske miljøet ville styrke sin posisjon i samfunnet. I dag er den religiøse profilen mindre framståande. Universitetet har sju fakultet, 1600 tilsette og 19 000 studentar. Sentrale forskingsområde er blant anna medisinske fag, astrofysikk og lingvistikk. Universitetet har rykte på seg for å ha eit usedvanleg tiltalande og grønt campusområde. Dette ligg i bydelen Heyendaal og har gode transportsamband til sentrum.

Nijmegen har om lag 150 000 innbyggarar og ligg ikkje så langt frå Tyskland, i den sydvestlege delen av Nederland. Byen har røter attende til Romartida og er ein av landets eldste.

Accommodation

Universitetet sitt internasjonale kontor tilbyr utvekslingsstudentar hjelp med å finne bustad så langt kapasiteten rekk. Ein kan søke om bustad samtidig som ein søker om opptak til utvekslingsopphaldet. Det kan vere vanskeleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden i Nijmegen rundt semesterstart.

MERK: I Nederland har det vore store utfordringar knytta til bustad for utvekslingsstudentar dei siste åra. Universiteta i dei fleste byane melder om stort press på bustadmarknaden, og det er vanskelegare å få bustad gjennom universiteta.

Semester duration

September - januar og februar - juli.

International and European Law Advanced at Radboud University

1/6

Business Law at Radboud University

2/6

Human Rights and Migration at Radboud University

3/6

A tour around the Radboud University campus (English)

4/6

This is Radboud University

5/6

Welcome to Nijmegen

6/6
Interiør
Photo:
© Radboud University Nijmegen

Information