Om lærestaden
About the institution and the city
Universität Duisburg-Essen (UDE) er eit offentleg breiddeuniversitet med rundt 40 000 studentar og 12 fakultet. Det blei grunnlagt i si noverande form gjennom ein fusjon mellom Universität Essen og Gerhard Mercator-Universität Duisburg i 2003. I 2007 gjekk UDE saman med to andre universitetet om å grunnlegge Universitätsallianz Ruhr, inspirert av University of California-systemet.
Universitetet sine to campusar ligg i Duisburg og Essen, to relativt like industri- og universitetsbyar i Ruhrdistriktet, med litt over ein halv million innbyggarar kvar. Særskilt i Duisburg spelar stadig stål, jarn og industri ei viktig rolle. Meir enn halvparten av Tyskland sitt råjarn blir produsert her. Essen har gått noko lengre i dreiinga frå tungindustri til utdanning, kultur og eit meir variert næringsliv.
Accommodation
Studentbustadane i Duisburg og Essen blir drifta av den lokale studentsamskipnaden Studentenwerk. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden i desse byane.
Semester duration
Oktober - mars og april - august.