Home
Student Pages
bilateral

University of Missouri-Columbia and University of Bergen (BILATERAL)

  • CountryUSA
  • TownColumbia
  • Exchange programmeBilateral
  • Exchange duration1-2 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

University of Missouri (MU) vert grunnlagt i 1839 i Columbia, som det fyrste offentlege universitetet vest for Missisippi-elva, og er i dag Missouris største offentlege forskningsuniversitet. MU er eit av berre 34 offentlege universitet i USA, og det einaste i Missouri, som er medlem i Association of American Universities. Universitetets boksamling er den største i Missouri.

MU er også flaggskipet i The University of Missouri System som er ein sentralstyrt administrasjon for fire universitet (i byane Columbia, Kansas City, Rolla og St. Louis) med til saman over 70 000 studentar.

MU har i dag ca. 35.000 studentar frå 115 ulike land. Missouri Tigers, universitetets eige sportslag, spiller ein sentral rolle i Columbias sportskultur og er på toppnivå nasjonalt. Stadionet Faurot Field kan huse opptil 71000 tilskodarar og nyttast både til fortballkampar og konsertar.

Mizzou er universitetets kallenamn og uttalast muh-ZOO. Dette namnet er ofte i bruk, bl.a. i ein rekkje skriv og nettpublikasjonar.

Accommodation

MU garanterar alle utvekslingsstudentar bustad i forkant av avreise. Viss ein student ikkje ynskjer å nytte denne avtalen, vil MU kunne gje informasjon om andre passande alternativ. I slike tilfelle er det studentens eige ansvar å inngå avtale om bustad, i tillegg til å betale husleige direkte til huseigar.

Du kan lese om bustadane på campus her: http://admissions.missouri.edu/housing/index.php

Semester duration

Det akademiske året er delt opp i to semester. Haustsemesteret byrjar i midten av august og slutter ca 20 desember, og vårsemesteret varar frå midten av januar til midten av mai.

Oversikt over campus
Photo:
© University of Missouri-Columbia

Information