Home
Student Pages
erasmus+

Fontys University of Applied Sciences and The Grieg Academy ¿ Department of Music (ERASMUS+)

  • CountryNetherlands
  • Number of exchange places2
  • Study levelBachelor og Master
  • Exchange programmeErasmus+
  • Exchange duration1-2 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

Fontys Hogeschool Eindhoven er med sine kring 40 000 studentar eitt av dei største universiteta i Nederland. Av desse er 3 500 internasjonale studentar. Det er eit breiddeuniversitet som tilbyr om lag 200 bachelor- og masterprogram innan fleire ulike disiplinar. Fontys fokuserer på eit godt læringsmiljø gjennom gruppeundervisning og interaksjon med samfunnet rundt universitetet, og har eit tett samarbeid med industrien, næringslivet og offentleg sektor.

Fontys har campusar i Eindhoven, Tilburg og Venlo i det sørlege Nederland. Eindhoven ligg i ein samansett region med meir enn to millionar innbyggarar. Byen er prega av å ha ei ung befolkning med mange studentar. Selskapet Phillips hadde lenge sin hovudbase her, og investerte mykje i kulturell utvikling for lokalmiljøet, blant anna gjennom etableringa av fleire kunst- og sportsanlegg. Tilburg og Venlo er mindre byar med høvesvis 200 000 og 90 000 innbyggarar.

Accommodation

Som Erasmus-student kan du søke om hjelp til å finne bustad gjennom Fontys.

MERK: I Nederland har det vore store utfordringar knytta til bustad for utvekslingsstudentar dei siste åra. Universiteta i dei fleste byane melder om stort press på bustadmarknaden, og det er vanskelegare å få bustad gjennom universiteta.

Semester duration

Byrjinga av februar til midten av juli.
Slutten av august til slutten av januar.

Information