Om lærestaden
About the institution and the city
The Pennsylvania State University, óg kjend som Penn State University, er eit statleg forskingsuniversitet som ligg i University Park, State College, i delstaten Pennsylvania, USA. Universitetet, som vart oppretta i 1855, har 13 "colleges" som dekker dei fleste klassiske universitetsdisiplinane. Penn State har om lag 46000 studentar, blant desse 2500 internasjonale studentar. Penn State Law vart grunnlagt i 1834 ved opprettinga av The Dickinson School of Law i Carlisle, PA. Det finst no to juridiske fakultet, Dickinson Law i Carlisle og Penn State Law i State College. UiB-studentar utvekslar til Penn State Law (Lewis Katz Building), som ligg på University Park campus i State College. Universitetet har mange studentorganisasjonar eller studentidrettsklubbar ein kan engasjere seg i.
State College er ein studentby med rundt 43 000 innbyggarar og ligg midt i staten Pennsylvania. Byen har eit historisk campusområde der dei ulike fakulteta ligg, og der det óg bur mange studentar. Nedanfor University Park campus ligg Downtown. State College er kjend for å vere ein av dei tryggaste stadane å bu i USA. (2015V)
Accommodation
Universitetet tilbyr studentbustader. Meir informasjon finn du på denne nettsida.
Semester duration
Frå byrjinga av august til midten av desember, og frå midten av januar til midten av mai.