Peking University and University of Bergen (BILATERAL)
- CountryChina
- TownBeijing
- Number of exchange places2
- Exchange programmeBilateral
- Exchange duration1-2 semester
Main content
Om lærestaden
About the institution and the city
Peking University (Beijing Da Xue) er mellom dei mest anerkjende og eldste forskingsuniversiteta i Kina. Universitetet vart grunnlagt i 1898, og har campusen sin i Haidiandistriktet i Beijing. Universitetet mottek om lag 2000 internasjonale studentar kvart år, og kring 30 av desse studerar ved Peking Law School.
Beijing har om lag 20 millionar innbyggarar og er Kinas politiske og kulturelle sentrum. I Beijing kan du besøke ei rekke viktige kulturminne. Mest kjende er Den himmelske freds plass, Den forbudte by og Sommarpalasset. Like utanfor Beijing kan du besøke Den kinesiske mur.
Accommodation
Universitetet tilbyr ikkje bustad på campus. Studentar finn vanlegvis bustad på den private marknaden i nærleiken av campus, og universitetet gjev noko rettleiing om korleis ein kan finna bustad.
Semester duration
Frå midten av september til seint i desember, og frå byrjinga av mars til midten av juni (for engelskspråklege emne). Tek ein emne undervist på kinesisk er semesterdatoane litt annleis).
Information
- Homepagehttp://english.pku.edu.cn/
- How do I applyInstructions on Søknadsweb
- Submit your application hereSøknadsweb
- Kode i SøknadswebNot open for admission
- Subject nameAlle fag