Om lærestaden
About the institution and the city
Vilnius Academy of Arts er eit offentleg universitet i Litauen som tilbyr studieprogram innan områda kunst, design, arkitektur og kunstteori og historie. Akademiet består av fire studiestader, som ligger i byane Vilnius, Kaunas, Klaipėda og Telšiai. Totalt har akademiet i overkant av 1 500 studentar fordelt på 45 ulike studieprogram. Vilnius Academy of Arts driv eit museum, fleire galleri og utstillingsrom. Akademiet organiserer også over 70 studentutstillingar i løpet av eit år.
Vilnius er Litauen sin hovudstad, og ligg søraust i landet. Han har over ein halv million innbyggarar, og har sidan Sovjetunionens fall utvikla seg til å bli ein moderne, vestleg by. Det historiske sentrum i Vilnius står oppført på UNESCO si verdsarvliste. I byen står det òg ein statue av Frank Zappa, trass i at den provokative rockemusikaren verken stammar frå byen, eller har spela der.
Accommodation
Lærestaden tilbyr ikkje innkvartering, men du kan finne tips og informasjon på nettsidene deira.
Semester duration
september - desember
februar - mai