Om lærestaden
About the institution and the city
Willem de Kooning Academie er eit internasjonalt kunstakademi i Nederland. Akademiet ligg i hjartet av designbyen Rotterdam, og er ein del av Rotterdam University of Applied Sciences (RUAS). Dette er ein institusjon med ei stor fagleg breidd for utdanning på høgare nivå. Kvart år kjem eit stort antal studentar for å studere ved akademiet som er namngjeve etter ein av dei mest kjende alumnarane deira, Willem de Kooning. Akademiet ligg ved Blaak 10 og Wijnhaven 61, to bygningar tilknytt av ei flytebru, i sentrum av Rotterdam.
Rotterdam har litt over 600 000 innbyggarar og ligg i Randstad-området, sør i Nederland. Byen har lang historie som handelsknutepunkt, og har det største hamneområdet i Europa. Namnet Rotterdam har sitt opphav i at byen vart grunnlagt ved ein demning i ei av sideelvane, Rotte.
Accommodation
I Nederland har det vore store utfordringar knytta til bustad for utvekslingsstudentar dei siste åra. Universiteta i dei fleste byane melder om stort press på bustadmarknaden, og det er vanskelegare å få bustad gjennom universiteta.