Home
Student Pages
erasmus+

University of Applied Arts Vienna and Faculty of Fine Art, Music and Design (ERASMUS+)

  • CountryAustria
  • TownWien
  • Number of exchange places2
  • Study levelBachelor og Master
  • Exchange programmeErasmus+
  • Exchange duration1-2 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

Universität für angewandte Kunst Wien er eit universitet for visuell kunst, arkitektur og anvendt kunst som grafisk design, industridesign eller motedesign i Wien. Forgjengaren, kk School of Applied Arts, vart etablert i 1867 og var knytta til det austerriske museet for kunst og industri - det første kunst- og handverksmuseet i Europa. Universitetet har fleire fakultet, med til saman rundt 1800 studentar som kjem frå over 70 land. Hovudbygningen ligg ved Oskar-Kokoschka-Platz, ved sida av Museum of Applied Arts (MAK), i sentrum av Wien.

Wien er hovudstad i Austerrike og har om lag 1,7 millionar innbyggarar. Byen er kjend for musikarane og komponistane sine, i tillegg til meir kulinariske kulturprodukt, som Wienerschnitzel, Sachertorte og Apfelstrudel. Eit anna nemneverdig fenomen er kaffihustradisjonen. Det første kaffihuset kom allereie i 1685, og Wiener Kaffeehaus blir stadig rekna som ein viktig del av byens identitet og kultur.

Accommodation

Lærestaden tilbyr ikkje innkvartering, men formidlar informasjon om kvar du kan leite. Austrian Exchange Service Housing (OeAD) kan vera nyttig.

Semester duration

oktober - januar

mars - juni

Information