Om lærestaden
About the institution and the city
University of the Arts London, også kalla UAL, er Europas største spesialiserte universitet for kunst og design. UAL tilbyr bachelor- og mastarprogram i kunst, design, mote, media, kommunikasjon og scenekunst. Universitetet består av seks anerkjente colleges der kvart college har eit langt etablert, globalt rykte for å produsere ypperleg arbeid. Universitetet tilbyr kurs i alt frå 3D-animasjon til grafisk design og drama. UAL er rangert som nummer to i verda for kunst og design i QS World University Rankings® i 2020.
London er hovudstaden i England og Storbritannia. Sjølve byen har om lag 8,2 millionar innbyggarar, men om ein reknar heile pendlarområdet kring London (London Metropolitan Area) kjem ein opp i om lag 15 millionar innbyggarar. London er eit av verdas viktigaste politiske, økonomiske og kulturelle sentre i moderne tid.
Accommodation
University of the Arts London tilbyr innkvartering i sine Halls of Residences for studentar, men dei fleste studentbustadane vert berre leigd ut på langtidskontraktar.
Semester duration
september - januar
februar - juni