MOT 82 – MusikkOppfølgingsTilbod for menneske med psykisk liding
MOT 82 er eit samarbeidsprosjekt mellom Helse Bergen, Bergen kommune og Universitetet i Bergen. Våren 2015 fekk prosjektet kroner 400 000 i samhandlingsmidlar frå Helse Vest. Menneske som har hatt tilbod om musikkterapi i behandling får med dette moglegheit for å fortsette i eit musikktilbod også etter institusjonsopphald.
Main content
Musikkterapitilbodet ved MOT 82 byggjer på ei ressursorientert tilnærming som mellom anna vektlegg samarbeid, brukarmedverknad (empowerment) og tilfriskningsperspektiv (recovery). I tillegg understrekar ein behovet for ei økologisk samfunnsmusikkterapeutisk tenking som betonar samspelet mellom individ og samfunn. Aktuelle aktivitetar i musikkterapitilbodet vil vere bandsamspel, songskriving, improvisasjon, musikklytting og refleksjonar om musikk, trommesirkel eller kor. I tillegg vil det vere mogleg å jobbe med studioinnspeling og konsertverksemd på U 82.
Musikkterapitilbodet vert drive etter ein tre-trinnsmodell som er adaptert frå prosjektet Musikk i Fengsel og Frihet, og inneheld komponentane inne, ute og eigedrive:
Trinn 1: Musikkterapitilbod inne på Bjørgvin DPS og i Klinikk for barn og unge
Trinn 2: Musikkterapitilbod ute ved U 82
Trinn 3: Musikk som eigedrive kulturaktivitet i lokalsamfunnet
Ein koordinator (utdanna musikkterapeut) vil ha hovudansvar for å drive musikkterapitilbodet ved MOT 82, noko som inneber følgjande oppgåver:
- Kartleggje aktuelle deltakarar og ressursar og hindringar i lokalsamfunnet, og tilby musikkterapitilbod i tråd med behov
- Planleggje og drive ulike aktiviteter for MOT 82 (m.a. øvingar, kurs, seminar, konsertar)
- Kartleggje utstyrsbehov og søke midlar til det som trengst for det praktiske arbeidet
- Være ressursperson som følgjer med brukarar i overgangen til eksisterande lokale kulturtilbod dersom det er mogleg og ønskjeleg
- Rettleie og ha ansvar for ulike musikkterapistudentprosjektHa ansvar for møteverksemd og koordinering av samarbeidspartnarar i prosjektgruppe
I Helsedirektoratet sine nasjonale retningsliner for utgreiing, behandling og oppfølging av personar med psykoselidingar vert musikkterapi tilrådd på det sterkaste, basert på høgste evidensnivå. MOT 82 – MusikkOppfølgingsTilbod for menneske med psykisk liding vil jobbe for å implementere musikkterapi innan psykisk helse-feltet med vektelegging av å ha eit meiningsfult kulturtilbod i ein ettervernsfase. I denne prosessen er musikkterapeuten ein ressursperson som både bør jobbe for at brukarar som har behov for det kan ha eit musikkterapitilbod kommunalt ved U 82 på trinn to, samstundes som det vert jobba systemisk for at brukerane får muligheita for eigedrive kulturtilbod på trinn tre. Eit slikt tilbod vil også kunne ha ein førebyggjande effekt i høve det å forhindre tilbakefall og (re)-innlegging. Etablering av MOT 82 – MusikkOppfølgingsTilbod for menneske med psykisk liding vil utifrå dette jobbe med følgjande målsetingar:
- Deltaking i prosjektet skal gje mot til å meistre kvardagslivet utanfor institusjon betre gjennom aktiv deltaking i meiningsfull musikkaktivitet
- Deltaking i prosjektet skal gje mot til å ta i bruk eksisterande kulturtilbod i lokalsamfunnet og utvide det sosiale nettverket
- Deltaking i prosjektet skal legge til rette for gode musikalske og sosiale opplevingar som kan gje grunnlag for styrking av eigeverd, samhørighet, mestring og sjølvtillit
Pilotprosjekt er allereie starta i november 2014 med ei gruppe på U82 drive av musikkterapistudentar. Tilbodet vil gradvis utvidast og inneha både grupper og individualtimar.
Samarbeidsprosjekt
MOT 82 – MusikkOppfølgingsTilbod for menneske med psykisk liding er eit samarbeidsprosjekt som involverer primærhelsetenesta, spesialhelsetenesta og universitetet. Med mål om å organisere eit tilbod som set brukaren sitt behov i sentrum, ynskjer ein å utvikle og forbetre kvaliteten for praksis.
Denne tanken om å samarbeide for å kvalitetsutvikle praksisfeltet er også ein av grunnpilarane til POLYFON – Vestnorsk nettverk for musikkterapiforsking og praksisutvikling. Intensjonen er å utvikle ei vestnorsk kunnskapsklynge for musikkterapi. MOT 82 – MusikkOppfølgingsTilbod for menneske med psykisk liding vert i denne samanheng ei viktig brikke både som praksisutviklar i psykisk helsevern feltet, men og som forskingsplattform for POLYFON. Slik kan dette vere ein arena for kontakt mellom akademia og praksisfeltet.
Dersom musikkterapitilbodet MOT 82 vert evaluert og viser seg å fungere etter intensjonen kan modellen overførast til andre DPS i landet. Kunnskapsutviklinga vil dessutan gje grunnlag for forsking som kan ha stor overføringsverdi både nasjonalt og på eit internasjonalt nivå. MOT 82 – MusikkOppfølgingsTilbod for menneske med psykisk liding er på bakgrunn av dette eit innovativt prosjekt som siktar seg inn mot framtida for musikkterapien i psykisk helse-feltet.