Home
New phds

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Ny doktorgrad

Solskin og sjøis

Torbjørn Taskjelle disputerer fredag 23. juni for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga “The fate of sunlight in the ice-covered Arctic ocean”.

Main content

Arktis er i endring. Sjøisen som dekkjer store deler av Nordishavet vert tynnare, og utstrekninga vert mindre. I denne samanhengen er det viktig å forstå kva som skjer med solljoset som treff isdekte områder, både med omsyn på energibalansen for Nordishavet, og med omsyn på liv i isen og havet som er avhengig av ljoset.

I avhandlinga vert det nytta ein kombinasjon av observasjonar og numerisk modellering for å studere kva som skjer med solljoset som treff sjøisen. Til dels vert det skildra som skjer i sjølve isen, og dels det som skjer i havet under isen.

Deler av studien omhandlar tynn is, og det vert sett mellom anna på korleis ulike komponentar som snø og biologisk materiale verkar inn på absorpsjon av solenergi i isen. Ein annan del av studien ser på is som er dekt av smeltedammar. Smeltedammar er særs viktige ettersom dei reflekterer mykje mindre del av ljoset enn isen rundt, og har dermed mykje å seie for smelting av is i løpet av ein sommar.

Sjølv under sjøis finn ein liv i havet, mellom anna kan ein stundom sjå store oppblomstringar av planteplankton. Ei slik oppblomstring nytter seg av ljoset frå sola til fotosyntese, men oppblomstringa vil òg sjølv endre ljosfeltet i vatnet. Gjennom målingar og modellering av ljosfeltet har me sett på korleis ei slik oppblomstring endrar dei optiske eigenskapane til vatnet, og dermed fører til meir oppvarming av vatnet nær overflata, noko som potensielt kan gjere meir varme tilgjengeleg for smelting av isen.

Personalia

Torbjørn Taskjelle (f. 1986) vaks opp i Granvin i Hordaland. Han fullførte ein mastergrad i fysisk oseanografi ved Geofysisk Institutt, Universitetet i Bergen (UiB) i 2013, og har sidan 2014 vore tilsett som stipendiat ved Institutt for fysikk og teknologi, UiB. Rettleiarar har vore Børge Hamre ved UiB og Stephen R. Hudson ved Norsk Polarinstitutt i Tromsø. Arbeidet vart finansiert av Noregs forskingsråd gjennom prosjektet “Solar Transmittance in the Arctic as a Seasonally Ice-covered Sea”.