Internettbasert behandling for insomni (søvnløyse)
Susanne Hagatun disputerer mandag 21. august 2017 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: «Internet-based cognitive-behavioural therapy for insomnia. A randomised controlled trial in Norway.»
Main content
Doktorgradsavhandlinga er basert på ein studie som undersøker effekten av kognitiv atferdsterapi for insomni (søvnløyse) via internett. Insomni er eit stadig aukande folkehelseproblem i Vesten, med mange negative konsekvensar for den einskilde og for samfunnet, og behovet for effektiv behandling er stort. Forskning syner at kognitiv atferdsterapi for insomni er eit godt behandlingsalternativ. Behandlingstilbodet er imidlertid mangelfullt, og mange får ikkje tilbod om ei slik medikamentfri behandling for søvnproblema sine. Vidare har internett vist seg å vera ein effektiv måte å nå ut til fleire.
Den aktuelle studien undersøkte effekten av ikkje-rettleia nettbasert kognitiv atferdsterapi retta mot vaksne med insomni. Behandlingsprogrammet, kalt SHUTi: «Sleep Healthy Using the Internet», har vist lovande resultat i USA, og vart no undersøkt i ein norsk setting. Studien består av 181 deltakarar med insomni, kor rundt halvparten av desse fekk tilgang til SHUTi-programmet. Resultata viser at behandlinga generelt førte til reduksjon i symptomar på insomni, og 60 % av dei som gjennomførte behandlinga tilfredsstilte ikkje lenger diagnosekriteria for insomni ved behahandlingsslutt. Resultata viser også at behandlinga hadde ein positiv effekt på symptomar på depresjon, angst og utmatting (fatigue). Behandlingseffekten heldt seg relativt stabil 18 månader etter behandlingsslutt.
Funna frå studien støttar at internettbasert kognitiv atferdsterapi kan fungera som eit godt behandlingsalternativ for mange pasientar med insomni. Det å innføre slike behandlingsprogram som eit behandlingstilbod i fyrstelinjetenesta kan vera ein kostnadseffektiv måte å bidra til at fleire får tilgang til ei medikamentfri behandling for søvnvanskane sine.
Personalia:
Susanne Hagatun (f. 1986) er utdanna psykolog (cand.psychol.) ved Det psykologiske fakultet, Universitet i Bergen (UiB). Ho starta doktorgradsarbeidet som stipendiat ved Folkehelseinstituttet (FHI), Avdeling for helsefremjande arbeid, i 2014. Doktorgradsutdanninga er utført ved Institutt for klinisk psykologi og forskarskulen CDP. Rettleiarar for prosjektet er professor Børge Sivertsen (FHI), førsteamanuensis Tine Nordgreen (UiB) og professor Ståle Pallesen (UiB).