Kva er bachelor?
Å ta ein bachelorgrad brukar du vanlegvis tre år på. Du kan begynne på ein bachelor med fullført videregående skule.
Main content
På Universitetet i Bergen (UiB) tilbyr vi rundt 75 ulike bachelorprogram, innanfor alle fagområde.
Kva er bachelor?
- Bachelorprogramma er som regel treårige.
- Du kan søkje om opptak til bachelorstudium på grunnlag av fullført vidaregåande skole.
- Ein bachelor gir deg god grunnleggande kjennskap til eitt eller fleire fagområde.
- Består som oftast av 180 studiepoeng (Eit år med fulltidsstudium gir 60 studiepoeng).
- Etter ein bachelorgrad kan du vanlegvis ta ein toårig master.
- Du søker opptak til dei fleste bachelorane i Samordna opptak.
Korleis veljer eg?
Ein bachelor gir deg god grunnleggande kjennskap til eitt eller fleire fagområde.
Nokre av studieprogramma er fastlagde løp, men mange av dei har også eit heilt år «valfrie emne» der du sjølv avgjer kva du ønsker å lære meir om.
Du kan for eksempel ta økonomiemne i kunsthistorieutdanninga di om du vurderer ein karriere innanfor kulturadministrasjon.
På denne måten kan du få en kompetanse ingen andre har.
Dersom du har begynt på eit studieprogram, men finn ut at du ønsker å byte til noko anna, er intern overgang mogeleg på dei mange studieprogram.