Home
News

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Open dag

Fekk ein smakebit på universitetslivet

UiB og dei andre utdanningsinstitusjonane i Bergen viste seg fram 7. mars.

Next
Open dag 2019
Photo:
Emil Weatherhead Breistein
1/8
Open dag 2018
Photo:
Emil Weatherhead Breistein
2/8
Open dag 2018
Photo:
Emil Weatherhead Breistein
3/8
Open dag 2018
Photo:
Emil Weatherhead Breistein
4/8
Open dag 2018
Photo:
Emil Weatherhead Breistein
5/8
Open dag 2018
Photo:
Emil Weatherhead Breistein
6/8
Open dag 2018
Photo:
Emil Weatherhead Breistein
7/8
Open dag 2018
Photo:
Emil Weatherhead Breistein
8/8
Previous

Main content

– Gjennom dagen skal de få oppleve korleis det er å vere student for ein dag, som kan hjelpe når de sit framfor Samordna Opptak. Ver nysgjerrige, og still spørsmål, oppfordra Svein Leidulf Heggheim, opplæringsdirektør i Hordaland fylkeskommune.

Den 7. mars var det Open Dag ved fleire av utdanningsinstitusjonane i Bergen. Nær 1000 vidaregåandeelevar tok turen for å utforske høgare utdanning for éin dag, og kanskje få eit hint om kva framtida har å by på:

– Arbeidslivet er i endring heile tida, nye yrker kjem til allereie når innan de er ferdige med utdanninga om tre til fem år. Kan eg seie at 'slik blir framtida!', med tryggheit heile vegen til pensjonistalderen? Nei, det trur eg ingen kan, sa Rønnaug Tveit i Sammen Råd & Karriere, som kunne trøyste med at sjølv doktorgradsstudentar ikkje alltid veit kva dei skal bli.

Ganske bestemte

Men nokre av elevane har iallfall god peiling. Blant dei mange som hadde møtt opp for dagen var Amalie Revheim fra Amalie Skram vgs. og – heile vegen frå Lillestrøm – Vita K. Rakkenes som ville vite meir om samfunnsøkonomistudiet:

– Eg er ganske bestemt på at det er her eg vil gå, seier Rakkenes.

– Universitetet er stort og flott, det vi har sett så langt er bra, seier Revheim.

Miljø og institutt på tvers av heile universitetet viste fram prosjekt og fag. Det vart oppfordra til å gå utanfor komfortsona, og å allereie no tenkje over utveksling. Nye ord som auditorium, oblig, studiepoeng og ex.phil. vart forklart for elevane, som fekk ein smakebit av korleis universitetslivet er.

Være med å utvikle ny kunnskap

– Vi ønskjer å vise fram breidda i utdanningstilboda våre og kva ulike disiplinområde dekker av fag og problemstillingar, slik at elevane lettare kan gjere gode utdanningsval, seier viserektor for utdanning, Oddrun Samdal om dagen.

– Vi ønskjer også å få fram kva det vil seie å studere på eit universitet og kva elevane kan bruke utdanninga til når dei er ferdige.

Ho rådar elevane til å velgje fag dei er motiverte for, og som dei ynskjer å arbeide med resten av livet.

– Det betyr at dei må vite kva det innebær av sjølvstendig arbeid for å lære eit fag, men også høvet til å vere med å utvikle ny kunnskap gjennom utdanninga dei tar.