Canada inspirert av vår marine superklynge
Når Halifax i Canada skal etablere si eiga marine klynge er det Bergen som er inspirasjonskjelda.
Main content
– Canada brukar den norske superklynga som modell for vår eiga marine klynge. Dette er måten å gjere det på, seier Alice B. Aiken.
Ho er visepresident for forsking ved Dalhousie University i Halifax, Canada.
Canada satsar marint
Havforsking er eitt av universitetet sine satsingsområde, og i byen arbeider ein no med å få ei marin klynge opp og stå. Ønsket er auke samarbeidet med næringsliv og legge grunnlaget for meir innovasjon og entreprenørskap.
Då er det naturleg å reise til Bergen for å få inspirasjon. Fredag 20. april var Aiken og kollega Sara Daniels på besøk på Marineholmen i Bergen. Jarl Giske, marin dekan ved UiB, var vert på rundturen i dei marine miljøa i Bergen.
Marineholmen er samlingspunkt for meir enn 150 verksemder og tusenvis av menneske. Saman utviklar dei kunnskap om havområda våre, marine ressursar og akvakultur.
Mykje til felles med Bergen
Aiken og Daniels fortel at dei er inspirerte av korleis Universitetet i Bergen og byen har klart å samla kreftene innan marin forsking og næringsutvikling på Marineholmen. Tidlegare har førsteministeren i provinsen Nova Scotia besøkt Marineholmen, også han for å lære meir om korleis ein har organisert forsking, utdanning og næring rundt det marine miljøet på Vestlandet.
Halifax og Dalhousie University er eit kraftsentrum innan marin forsking og innovasjon i Canada. No vil universitetet ta meir ansvar for å legge til rette for meir innovasjon og entreprenørskap. Samarbeid med andre universitet er også viktig. Det å etablere ei klynge er eit av dei viktigaste virkemidla for å nå måla.
– Bergen og Halifax har mykje til felles, og dei to universiteta våre er i ganske liknande posisjonar i sine land. Jarl Giske fortel at den marine klynga bidreg til eit kulturelt skifte på universitetet, der ein er meir open for samarbeid og å skape «ocean startups». Det er noko me treng ved Dalhousie også, seier Aiken.