Home
News

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Aarebrotforelesinga 2020

Siger i Aarebrot-bakken

– Det er som å køyre ned ei fjellside på ski, der den farten du får er eit resultat av energien frå publikum! Det seier ein letta og glad Jørn Øyrehagen Sunde etter å ha kome seg gjennom svart løype i formidling med god gli.

Aarebrotforelesningen Jørn Sunde strekker hendene i været
Photo:
Eivind Senneset / UiB

Main content


Eitt minutt med rettshistorie held lenge for dei fleste. Professor Jørn Øyrehagen Sunde klarte likevel kunststykket å halde publikum i ande i heile 200 minutt med historie om rettsstaten gjennom 1000 år. 

Sunde hadde fått det ærefulle oppdraget å halde årets Aarebrotforelesning, som er ei opa forelesning i professorlegenda Frank Aarebrot si and. Forelesninga fyl 200-minutts løypa som Aarebrot skapte, og i år var det den norske rettsstaten si historie gjennom 1000 år som vart bretta ut. 

Sunde er ingen nykomar når det gjeld å halde forelesning. Jussprofessoren har halde over 600 forelesingar utanom undervising, men dette var likevel noko heilt anna. 

– Dette var ein fest for meg, og den aller artigaste forelesninga eg nokon gong har halde! Eg har alltid følt at kateteret står mellom meg og studentane, men her fekk eg publikum heilt tett på, og det var vedunderleg, seier han. 

«No sitter vi oss behagelig, dokkar»


– Dette er ein fantastisk måte å feire faren min sin fødselsdag på. «No sitter vi oss behagelig, dokkar», ville far min ha sagt, og her sit jo alle så grådig behageleg! 

Det seier Maike Aarebrot- Flick, som er dottera til Frank Aarebrot. Familien er med på arrangere denne serien med minneforelesingar på Aarebrot sin fødselsdag kvart år, der målet er å heidre den munnlege og avslappa formidlingstradisjonen som Aarebrot sto for. 

– Det er koseleg at han var allemannseige, og så godt likt. Alle har ein anekdote om han. Dei har møtt han i gata, eller sitte på ferga med han, og mange har ei vittig historie å fortelje. Det er veldig hyggeleg, for han hadde sjølv så mange historier, seier ho. 

Universitetsaulaen hadde kledd seg i heimekoseleg drakt denne kvelden, med djupe lenestolar, sofaer i velur, grøne planter og lampar med frynser. Sirenekoret song, Martin Vinje Trio sette stemninga med behageleg jazz, og studentteateret Immaturus improviserte fram scener frå retten, utan manus og meining, som dei sa sjølve. 

Også Sunde var utan manus, om enn ikkje utan meining. Professoren memorerer alle sine forelesningar, noko som gjer han til ein eksepsjonelt fri og munnleg formidlar. På Aarebrot sin fødselsdag førte han publikum tilbake til 1100-talet og han viste korleis ny kommunikasjonsteknologi slik som trykkekunsten og internett har påverka statsdanninga fram til i dag. 

Fleire enn fagnerdar

UiB- rektor Dag Rune Olsen trakk fram kor viktige dei gode formidlarane er i akademia. 

– Frank og Jørn viser at sjølv om forelesingsforma er ein monolgprega kommunikasjonsart, så greier dei å ta publikum inn. Dei viser at akademia ikkje treng vere traust og introvert, men snakke til fleire enn fagnerdar. Det er viktig, seier han. 

Hedda Strand Dybevik frå Studentersamfunnet har vore involvert i å velje ut årets Aarebrotforelesar. Ho er klar på kva som skal til for å få med seg studentane. 

– Dei får studentane til å føle seg som likemenn. Det kan vere skremmande å snakke med ein som Jørn som er så kunnskapsrik på sitt område. Men dei alle fremste forelesarane, slik som Jørn Øyrehagen Sunde og Frank Aarebrot, har ei eiga evne til å gi studentane tryggheit, og dei verdset studentane sitt perspektiv. Det er det som gjer at dei kjem igjennom, seier ho. 

 

Sjå heile forelesinga her: 

Aarebrotforelesningen 2020

Producer:
UiB