Patriarkalske strukturar hindrar kvinner i politikken
– Det er gjerne dei rike som vinn fram i politikken, og kven som er rike i verda kjem ofte an på kjønn. Det seier professor Ragnhild Muriaas, som har leia prosjektet Money Talks.
Main content
I dei fleste land i verda må politikarar sjølve finansiere valkampanjane sine, med lite støtte frå sine parti. Partia manglar ofte inntekter få medlemskontingent, og det er manglande kontroll av utgifter og inntekter i politikken. Dette får følgjer for mangfaldet. Det er gjerne dei rike som vinn fram, og kven som er rike i verda kjem ofte an på kjønn.
Det viser prosjektet Money Talks, som ser på korleis valkampfinansiering påverkar kjønnsbalansen i politikken i mange land.
MoneyTalks - Women and elections in Malawi
Producer:
Ragnhild Muriaas, UiB
Copyright:
UiB
MoneyTalks - Women and elections in Malawi
Patriarkalske strukturar står i vegen
– I enkelte delar av verda er der hindringar som vi ikkje ville ha tenkt på i norsk kontekst. I Malawi, for eksempel, har ordninga med å gi pengestøtte til kvinnelege kandidatar vist seg å vere vanskeleg å gjennomføre, mellom annan fordi den kvinnelege kandidaten ikkje har ein bankkonto. Dei brukar bankkontoen til faren, ektemannen eller sonen sin. Det seier litt om dei patriarkalske strukturane som framleis finnast i mange delar av verda, seier Muriaas.
Eit av hovudmåla til berekraftsmåla er likestilling, og tanken er at kjønnsbalanse i valde organ gir meir effektiv styring.
– Dersom det berre er ein type menneske som blir valde inn i politikken er det vanskeleg å få nok kunnskap til å kome fram til løysingar som er dei beste for heile samfunnet. Det er også viktig fordi ein risikerer å miste mange politiske talent ved å berre rekruttere politikarar frå ei gruppe i samfunnet, seier Muriaas.
Photo:
Ragnhild Muriaas, UiB
Det er vanskeleg for dei kvinnelege kandidatane å nå fram i valkampen i Malawi. Dette skuldast mellom anna ein inngrodd patriarkalsk kultur, og mangel på finansiering av kampanjene til kvinnelege politikarar.
Tett og langvarig samarbeid
Money Talks er finansiert av FRIPRO Norges forskningsråd. Inspirasjon til prosjektet, som dekkjer fleire land i Europa, Afrika og Nord-Amerika, kom frå forskingssamarbeid instituttet har hatt med Chancellor College i Malawi i snart to tiår.
– Tette og langvarige forskingssamarbeid med partnarar i sør har gjort det mogleg å gjennomføre prosjekt av høg fagleg kvalitet og å kunne nytte utradisjonelle verkemiddel i formidling, slik som filmen vi har laga, seier Muriaas.