Lymfekar i hud si rolle i salt- og blodtrykksregulering
Tore Reikvam disputerer 21.2.2020 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Study of the role of skin lymphatics in electrolyte and blood pressure regulation".
Main content
Høgt blodtrykk, hypertensjon, er ein risikofaktor for hjarte- og karsjukdommar. 50-60% av alle tilfelle av koronare hjartesjukdommar og slag er knytte til høgt blodtrykk.
Årsakene til hypertensjon er samansette, der både arv og livsstil spelar inn. Av livsstilfaktorar er det vist at høgt inntak av salt aukar risikoen for hypertensjon. Blodtrykkstigning grunn saltinntak har tradisjonelt vorte forklart med redusert kapasitet til å skilje ut salt og væske i nyrene, og dermed eit auka blodvolum som igjen fører til hypertensjon. Ny forsking har vist at salt kan lagrast utan å verke inn på væskevolumet i kroppen, og at huda kan vere ein viktig bidragsytar i denne saltakkumuleringa. Denne prosessen involverer immunceller, remodellering av bindevev og nydanning av lymfekar. Det er publisert eksperimentelle data som tyder på at lymfekar i hud reduserer auken ein får i blodtrykk ved inntak av salt.
I doktorgradsprosjektet har vi nytta dyremodellar for å studere funksjonsevna til lymfekar i hud. Vi har studert kva ein reduksjon eller auke av lymfekar har å seie for saltakkumulering i hud og blodtrykket ved auka inntak av salt. I tillegg har vi sett på saltlagring, immuncelleaktivering og nydanning av lymfekar i hud hos mus og rotter.
I våre studium fann vi ikkje ein like klar samanheng mellom saltlagring og nydanning av lymfekar i hud som det tidligare har vore rapportert. Vi fann heller ingen skilnad i saltlagring og blodtrykkstigning etter auka saltinntak hos mus med manglande eller redusert nettverk av lymfekar i hud, samanlikna med normale mus. Våre funn stiller spørsmål ved om lymfekar i hud har ei rolle i blodtrykksregulering ved inntak av salt hos mus, og dermed også ved ei sanning innanfor hypertensjonsforsking som er blitt etablert dei siste 10 åra. Eit overraskande funn i studien var evna både skjelett- og hjertemuskulatur har til å lagra natrium i bytte med kalium. Om dette har noko å seie for funksjon, er noko som vidare forsking vil kunne gje svar på.
Personalia
Tore Reikvam (f. 1981) er cand.med. frå Universitet i Bergen (UiB) desember 2008. Reikvam er spesialist i anestesilogi og er tilsett ved Haukeland Universitetssjukehus. Sidan desember 2015 har han vore stipendiat ved Institutt for Biomedisin ved UiB under veiledning av professor Helge Wiig, førsteamanuensis Tine V. Karlsen og professor Olav Tenstad.