IGS sin undervisningspris til Lone Holst
IGS sin undervisningspris heng høgt. I statuttane står det at vinnaren skal ha gjort eit viktig nybrottsarbeid innan utdanning, i samsvar med IGS sine mål og strategiar 2019-2023.
Main content
Tre særs sterke søknadar kom inn i år, knytt til statistikkundervising, ny master i helse og samfunn, og mangeårig nybrottsarbeid i samfunnsfarmasi. Komiteen, med Monika Kvenenes, leiar ved Eining for læring, Harald Walderhaug, prodekan for undervisning ved matematisk-naturvitskapleg fakultet, og seniorkonsulent Kirsti Nordstrand frå IGS, skriv at alle søkarane fortener anerkjenning for arbeidet som er lagt ned i å utvikle undervisninga for sine emne/fagområde.
Årets undervisningspris ved IGS gjekk til Lone Holst, førsteamanuensis i samfunnsfarmasi. Komiteen si vurdering er at Lone over lang tid har jobba systematisk, og med eit hardnakka engasjement, for utdanning og godt læringsmiljø. Ho er tydeleg og synleg både på mikro- og makronivå, frå dei konkrete møta med studentane til nasjonale koordinerande prosessar. Ho ser kvar enkelt student, og vinn deira tillit. Samtidig har ho overskot til, og glede av, å bidra til utdanningsfaglege kompetanseløft både hos kollegaer ved UiB og ved IGS. Lone stiller opp i utdanningsseminar, workshops mm. Nominasjonen av Lone viste brei og mangeårig innsats, der kvart punkt i seg sjølv kunne vore verdig ein prissøknad.
Gratulerer så mykje til Lone!