Home
Research Group for European Law

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Nyhet

ESA som tilsynsmyndigheit av finansielle teneste i den indre marknad

Leiar av forskergruppa Ingrid Margrethe Halvorsen Barlund har fått publisert sin artikkel "ESA som tilsynsmyndigheit av finansielle teneste i den indre marknaden" i tidsskriftet Lov og Rett, vol 59, 5, 2020, s. 261-273.

Ingrid Barlund
Photo:
Ingrid Barlund

Main content

For norsk finansnæring er tilgang til EUs indre marknad for finansielle teneste heilt avgjerande. Dette føreset at EFTA-statane finn ei rettsleg haldbar og bere-kraftig tilknytingsform til EUs finanstilsyn. I 2016 vart forordningane som opp-rettar EUs finanstilsyn, gjort til del av EØS-avtala, og Noreg tilslutta seg finans-tilsyna kort tid etter. EUs finanstilsyn har myndigheit til å gjennomføre tiltak av ikkje-bindande karakter retta direkte mot styresmakter og aktørar i EØS/EFTA-statane. Der det dreiar seg om rettsleg bindande vedtak, derimot, er det formelt EFTAs overvakingsorgan (ESA) som fattar desse. Desse vedtaka vil allereie vereskisserte av eit EU-finanstilsyn. I denne artikkelen undersøkjes ESAs rolle som tilsynsmyndigheit av finansielle teneste i EFTA-pilaren. Hovudproblemstil-linga for artikkelen er kva slags myndigheit ESA har til å fatte rettsleg bindande vedtak under den valde tilknytingsmodellen.

Artikkelen kan lesast på Idunn ved å følgje denne lenka.

Artikkelen er ein del av det juridisk fakultets forskningsprosjekt om Noregs tilknytning til EUs tilsynssystem for finansmarkanden. For meir informasjon om prosjektet, følg denne lenka.