Stedsutvikling og kulturelt mangfald
Julie Elkjær Stentsøe skriv masteroppgåve om korleis planlegge for stedsutvikling i dagens multikulturelle samfunn - med samskaping som strategi.
Main content
Masteroppgåva mi har som overordna tema "stedsutvikling og kulturelt mangfold". Eg har vald bydel Bjerke i Groruddalen, Oslo som studieområde. Der foregår det eit spennande områdeløft som byrja i 2017 og som varer fram til 2026. Områdeløftet er ein del av Groruddalssatsinga si andre runde, der dei har tatt med seg erfaringer gjort under den førre satsinga (2007-2016).
Studieområdet mitt. Nærmiljøsatsinga fokuserer på Linderud, Sletteløkka og Veitvet i bydel Bjerke. Disse ligg i gangavstand til kvarandre.
Samskaping og kulturelt mangfald
Spesielt for den andre og nåverande satsingsa er at bydelen ynskjer å i endå større grad enn tidligare arbeide på ein langsiktig og strategisk måte, men også vera meir fleksible og gå i nærare dialog med lokalbefolkninga. Desse punkta inngår i ei ny samarbeidsform som populært har fått namnet samskaping eller medborgersamskaping. Bydelen er ikkje lenger berre oppteken av å få inn enkelte innspel som innbyggarane måtte ha, slik tradisjonell medvirkning ofte verkar, men er opptekne av å involvere innbyggarane tidlegare og ha dei med på laget gjennom heile prosessen med idémyldring, planlegging, gjennomføring og ferdigstilling. Samskaping handlar om å gje noko av makta og handlingsrommet tilbake til innbyggarane slik at dei føler at dei er med på å skape det samfunnet dei vil ha og dermed også skape samfunnsengasjerte borgarar.
Min innfallsvinkel til denne strategien og områdeløftet er å sjå nærmare på kva rolle det kulturelle mangfoldet får i utføringa av desse prosessane. I bydel Bjerke og Groruddalen generelt er det høg andel innvandrarar og eit mangfald av kulturar og språk. Kva gjer bydelen for å nå ut til det kulturelle mangfaldet, kva omsyn vert tekne i møte med kulturelle eller språklege barrierer som oppstår i kommunikasjonen rundt eller i løpet av samskapingsprosessane, kva tenkjer planleggarane og dei ulike aktørene om omgrepet integrering og kan sjølve samskapinga vera integrerandes? For at samskapingsprosessar skal fungere må det ligge til grunn ei viss mengde med tillit mellom aktørene, korleis dynamikkene rundt tillit fungerer har vist seg å vera eit sentralt punkt i arbeidet med oppgåva.
Erfaringar frå feltarbeidet
Eg er godt i gang med feltarbeidet. Eg byrja med å intervjue planleggarar og prosjektleiarar for nærmiljøsatsinga ansatt i bydelen. Eg måtte også setje meg inn i planprogram og bakenforliggande analyser som satsinga bygger på. Etter at eg hadde fått ei forståing av korleis satsinga er bygd opp, kva bydelen ynskjer å oppnå og hensikten med dei strategiane og metodene dei har vald å bruke, byrja eg å intervjue nøkkelpersonar ute i bydelen som bydelen har pågåande samskapingsprosessar, samarbeid eller dialog med. Dette har vore frivillige organisasjonar, ildsjelar, andre bydelsansatte, private aktørar, skulen og velforening. Fleire av desse arbeider tett på befolkinga og nokre av dei har enten personleg eller arbeidsrelatert erfaring med integrering.
Eg synest arbeidet med masteroppgåva er kjempekjekt. Å få lov å intervjue så mange ulike aktørar, alle med kvart sitt engasjement har vore utrulig lærerikt. Slik eg har vinkla oppgåva får eg også eit godt innblikk i korleis ein bydel arbeider, noko som eg trur eg vil få masse igjen for når eg skal ut i arbeidslivet.
Geografistudiet
Eg vil anbefale alle som er opptekne av korleis samfunnet vårt fungerer eller korleis natur, miljø og samfunn heng saman å melde seg opp til geografistudiet. Tida mi som masterstudent i samfunnsgeografi har gitt meg kunnskap om kva faktorar som er med å bestemme korleis samfunna våre ser ut og kva "reglar" som gjelder. Med denne kunnskapen har eg også forstått korleis samfunn kan påverkast og at menneske med engasjement er i stand til å skape betre, meir rettferdige, meir inkluderandes samfunn.
Masterstudiet skil seg frå bachelorstudiet ved at ein ikkje lenger trenger å pugge så mykje teori, men heller må vise at ein kan anvende den. Det er meir fokus på tekstskriving, meir dynamiske undervisningsmetodar og meir drøfting og diskusjon rundt artiklar, konsept og sentrale tema innan planleggingsteori, som eg har likt veldig godt. I arbeidet med masteroppgåva må ein vise at ein kan argumentere og tenke sjølvstendig og det er også ein god måte å utfordre seg sjølv på å vera aleine i felt og samle inn data på eigenhand.