Velkommen, Vestlandslege!
Vestlandslegen er skreddarsydd for pasientar i djupe dalar, ved fjordarmen, bygd og by. – Vi må ta heile Vestlandet i bruk, seier dekan Per Bakke ved Det medisinske fakultet ved UiB.
Main content
Vestlandslegen. Smak på ordet. Ein heilstøpt og klok kar, ei dame som ikkje fryktar hauststorm og smale vegar. Ein lege som er fagleg oppdatert, heil ved, brennande engasjert i at vestlendingane skal ha god helse og ha det best mogleg.
Ein ting er sikkert – Vestlandslegen er ein lege for framtida. Og no har det første kullet med framtidige Vestlandslegar starta på studieløpet. Dei neste åra skal dei få lære om dei minste mikro-byggesteinane i kroppen, dei skal studere lunger, hjarte, hjerne og det meste innimellom. Dei skal ta inn kunnskap om forsking, presentasjonsteknikk og kva det vil seie å møte ein pasient på beste måte. Og dei skal ut. Ut i praksis og møte ekte menneske med ekte helseproblem. Til slutt skal desse førsteårsstudentane bli ekte Vestlandslegar.
Eg ser for meg ein oppegåande, framoverlent person.
Men kven er eigentleg Vestlandslegen? Kven betre å spørre enn Vestlandslegen «far», dekan ved Det medisinske fakultet, Per Bakke.
– Eg ser for meg ein oppegåande, framoverlent person, smiler Bakke.
– Ein lege som er genuint interessert i folk. Og som ikkje har noko imot natur og friluftsliv, humrar han.
Frå legemangel til skreddarsydd lege
Ideen om Vestlandslegen sprang ut av legemangelen altfor mange kommunar slit med. Norge har lenge -svært lenge- utdanna for få legar her til lands. Faktisk har vi berre utdanna kring halvparten av legane vi treng, resten er utdanna i utlandet.
– Det var slik ideen om Vestlandslegen dukka opp. For å seie det rett ut, her ved Det medisinske fakultet i Bergen har vi ofte utdanna legar til Oslo. Studentane kjem hit, blir ferdige legar – og så reiser dei til Oslo og traktene der, seier Bakke.
– Og det måtte vi gjere noko med. Vi treng dyktige legar i kvar bygd og by her vest. Og korleis blir du buande på Vestlandet? Jo, du får deg kjæreste! Så ved å spre dei flinke legestudentane våre ut der legar trengst, så er det mykje større sjanse for at dei blir verande i regionen. Og så er det slik at når det flyttar inn ein dyktig lege som vil bli, så vil også primærhelsetenesta satse på den personen. Vinn-vinn!
Per Bakke er Vestlandslegens "far".
Kvart år treng Norge kring 1100 – 1200 nye legar, viser tal frå Helsepersonellregisteret. Eldre legar pensjonerer seg, eller legar går over i andre, nyoppretta stillingar. Verdas Helseorganisasjon er tydelege på at alle land sjølv bør sørge for at det er nok helsepersonell, men her har altså Norge ikkje gjort jobben. Men no skal det bli meir orden i sysakene.
I fjor kom Grimstadutvalet sin rapport. Utvalet skulle sjå på kva ein burde gjere med at så få legar i Norge har norsk legeutdanning. Fagfolka føreslo å auke talet på studieplassar i medisin med 440, slik at vi i 2027 utdannar 80 % av landet sine legar her i Norge.
Det var god timing for konseptet Vestlandslegen. Det medisinske fakultet ved UiB har kapasiteten og kompetansen, og ved hjelp av nye studiemodellar, ny teknologi og meir og målretta praksis så var det klart for nye tider.
Alrek helseklynge.
Hypermoderne forsking og ekte menneske
Vestlandslegen vil gje framtidige medisinstudentar ved UiB nye og unike sjansar, fortel dekan Bakke.
– Ved å bli Vestlandslege så får du tilgang til framifrå forskingsfasilitetar som til dømes den splitter nye Alrek Helseklynge i Bergen. Her kan det lærast og forskast på høgt nivå. Og ved å ta praksisen på ein litt mindre plass med eit mindre sjukehus, så får ein som student gjere meir og få større ansvar. For ikkje å snakke om kor fint det er å bli ein del av eit mindre lokalmiljø der menneska bryr seg om kvarandre.
Ved å bli Vestlandslege så får du tilgang til framifrå forskingsfasilitetar som til dømes den splitter nye Alrek Helseklynge i Bergen.
Sjølve studieløpet får eit stort løft framover. Det blir fokus på studentaktiv læring, moderne pedagogiske prinsipp og meir praksis. Studentane skal i større grad enn før ut der dei trengs som legar, til dømes til sjukehusa i Stavanger, Haugesund og Førde.
Jesper Andreas Viste kjem frå Sandnes og er førsteårsstudent på medisin i Bergen. Han ser fine fordelar i det å bli ein Vestlandslege.
– Å kunne ta dei tre siste åra på eit nytt sjukehus i Stavanger høyrest ut som ein god mulighet til å danne nettverk i lokalområdet mitt, samtidig som ein slik plass legg til rette for meir avansert teknologi – som er relevant for medisin i framtida.
Å kunne ta dei tre siste åra på eit nytt sjukehus i Stavanger høyrest ut som ein god mulighet til å danne nettverk i lokalområdet mitt.
Kunnskapsdepartementet gav for få månader sidan det medisinske fakultet ved UiB 20 ekstra studieplassar, og desse er lagt til campus i Stavanger. Så det kan godt vere at Jesper anno 2024 får gjere akkurat det – ta praksisen på heimlege trakter.
Vegen vidare
20 ekstra legar skal utdannast ved Det medisinske fakultet, og det er berre starten. Dersom det kjem fleire studieplassar så skal både Førde, Haugesund og Stavanger få endå fleire studentar om hende. Og så lenge dei er i Bergen kan dei kommande Vestlandslegane boltre seg i til dømes Alrek helseklynge, det nye sjukehusbygget i Ulriksdal, Haukeland universitetssjukehus, Haraldsplass Diakonale sykehus og andre institusjonar i Bergen kommune.
Stortingspolitikar Ruth Grung (Ap) er ein av dei som har sansen for Vestlandslege-konseptet.
– Medisin er svært kunnskapsintensivt og heile tida i utvikling. Difor er det viktig å utdanne framtida sine legar slik at dei evner å tileigne seg ny kunnskap, ta den i bruk og utvikle faget vidare, seier Grung.
Slik eg ser det er Vestlandslege-modellen ei framtidsretta løysing, der ein tek i bruk ulike læringsarenaer i spesialisthelsetenesta.
Ruth Grung.
– Slik eg ser det er Vestlandslege-modellen ei framtidsretta løysing, der ein tek i bruk ulike læringsarenaer i spesialisthelsetenesta. Det vil skape ein god dynamikk mellon teori og praksis, og heve kvaliteten både på opplæringa og helsetenestene. Ein slik desentralisert modell vil også sikre god rekruttering og likeverdige helsetenester av høg kvalitet til alle innbyggjarane på Vestlandet. Eg forventar at den framtidige medisinutdanninga aukar interessa for forsking og at praksis i primærhelsetenesta får sin rettmessige plass. Kanskje det kan søkast om eit pilotprosjekt der praksistilskotet følger studenten? Uansett – våre innbyggjarar fortenar det beste, sler Ruth Grung fast.