Home
Study Social Sciences

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Nyhet

Samfunnsfagstudentane leverte i koronaåret 

Trass eit vanskeleg år har studentar ved SV- fakultetet gjort det svært bra. Langt fleire enn før har gjennomført studiane sine sjølv om undervisninga har vore mest digital og campus har vore stengt. 

Studer samfunnsfag, bilde av studentar ute i sola
Samfunnsfagstudentane har klart seg godt gjennom koronapandemien (arkivfoto)
Photo:
Torhild Dahl, UiB

Main content

–  Alle pilene peikar oppover på SV-fakultetet. Studentane har verkeleg levert trass dei vanskelege tilhøva som koronapandemien har skapt. 

Det seier Kirstine Kolsrud, studiesjef ved Det Samfunnsvitskaplege Fakultet (SV-fakultetet) 

Fleire gjennomfører

No er utdanningsresultata for studieåret 2020 klare. Dette er tal som viser om studentane gjennomfører studiane sine på den tida som er sett av til studiet (normert tid), om dei ulike studieretningane har nok studentar og mykje meir. 

Innan høgare utdanning har ein vore urolege for at koronasituasjonen ville få studentane til å droppe ut, men tala viser det motsette. Heller enn å falle frå, har fleire studentar gjennomført. Ved SV-fakultetet auka delen som gjennomførte på normert tid frå 38,79% i 2019 til 45,36% i 2020. Dette er markert høgare enn gjennomsnittet på UiB, som er på 39,8 prosent. 

–  2017 kullet, som er det som fullførte bachelorgraden sin i 2020, plasserer oss klart over snittet for UiB samla. Dette er veldig gledeleg, seier Kolsrud. 

Del av større trend

Kolsrud peikar på at sjølv om det er en generell trend i sektoren at studentane har avlagt fleire studiepoeng i 2020, så er dei gode tala for gjennomføring på bachelornivå også et resultat av et meir langsiktig arbeid. 

–  Vi trur jo at det langsiktige arbeidet med studieprogramma og undervisninga spelar inn. Vi har dessutan brukt mykje kapasitet på å snu oss rundt og få til god undervisning under skiftande pandemireglar, og både studentar, studiekonsulentar og vitskapleg tilsette skal ha stor takk for at dei har klart å omstille seg og levere i den vanskelege situasjonen, seier ho.