Home
Department of Comparative Politics

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Masteroppgaver

Fekk Fritt Ord-stipend

Fritt Ord deler kvart år ut stipend til to av instituttets masterstudentar som arbeidar med oppgåver der menneskerettar, ytringsfridom og demokrati er tema. No er stipendmottakarane for 2021 kåra. Dei skriv om kjønnsforskjellar i arbeidsmarknaden og om implementering av FN-konvensjonar i Noreg og Finland.

Fritt Ord-stipend 2021
Sampol-studentane Sandra Elise Bakkevoll og Nora Elvestad Reinsnes får stipend frå Fritt Ord til arbeidet med masteroppgåvene sine.
Photo:
UiB

Main content

Kjønnsforskjellar i arbeidsmarknaden

Sandra Elise Bakkevoll legg opp til å studere kjønnsforskjellar i arbeidsmarknaden i si masteroppgåve. Oppgåva vil  forklare kvifor lønnsforskjellar varierer mellom land, i kva grad og på kva måte ulik politikk ynskjer og kan verke inn på slike lønnsforskjellar. Ei rekkje land er med i det omfattande datasettet oppgåva skal basere seg på.


Implementering av FN-konvensjonar

Nora Elvestad Reinsnes skal i oppgåva si samanlikne implementeringa av FN-konvensjonar i Noreg og Finland. Utgangspunktet er ein interessant forskjell mellom landa: Medan Noreg ofte er tidleg ute med å ratifisere konvensjonar, nyttar Finland meir tid på dette, samtidig som landet er raskare til å setje i verk konvensjonane og gjere dei til del av den nasjonale lovgivinga. Oppgåva skal leite etter mekanismar som kan forklare slike forskjellar.


Motiverande stipend

Dei to stipendmottakarane får stipend på 30.000 kroner kvar.

– Det er ikkje berre utruleg stas å få stadfesta at tematikken som er valt å studere er viktig, men også godt å vite at ein kan fokusere 100 % på masteren utan å vere avhengig av deltidsjobb. Ved hjelp av stipendet frå Fritt Ord er alt lagt til rette for å prestere på sitt beste, seier Nora Elvestad Reinsnes og Sandra Elise Bakkevoll.


– ­Stipenda frå Fritt Ord er ein ekstra motivasjonsfaktor for masterstudentane våre, seier instituttleiar Leiv Marsteintredet. – Den store søknadsbunken vitnar også om det, seier Marsteintredet, som gratulerer stipendmottakarane og takkar Fritt Ord for samarbeidet.